Teori


Uteskule er ein arbeidsmetode kor ein flyttar undervisninga ut av klasserommet og skulen. Undervisninga kan ein knytte til alle fag. Ein kan til dømes ta med eit litermål ut til bekken for å lære praktisk matematikk, lage grønsakssuppe over bålet eller lære om det rike dyrelivet i naturen. Uteskule inneber at ein har regelmessig og målretta aktivitet utanfor klasserommet. (Jordet 2009).
 
Eit av måla våre for denne idébanken, er at lærarar og andre skal kunne bruke den for å bli inspirerte til å bruke tauaktivitetar i skulen. Vi har satt opp to kompetansemål som grunngjeving for at tau skal kunne brukast i skulen. Desse seier at eleven skal ”vere med i aktivitetar som utfordrar heile sanseapparatet og koordinasjonen” og ”bruke grunnleggjande rørsler i varierte miljø og i tilrettelagde aktivitetar”. (Kunnskapsløftet 2006. Kroppsøving 4.trinn).
 
Vi meiner at tauaktivitetar kan vere med på å utvikle elevanes motoriske ferdigheiter og koordinasjon. I følgje Vingdal og Hollekim (2001) er det viktig at born beveger seg mykje ute i naturen. Dette fordi dei då beveger seg på ulikt underlag og får variert sansestimulering og motorisk trening. Brukar ein tau, får dei bevegd seg både på ujamt underlag, og i tilrettelagde aktivitetar. Det vil betre grovmotorikken fordi borna får trening i grunnleggjande bevegelsar. Dette vil igjen føre til betre balanse.
 
Aadland og Lundhaug (upublisert) skriv at ein ved hjelp av fysisk aktivitet og eit sunt kosthold kan leggje til rette for folkehelsearbeid. Som eit eksempel på fysisk aktivitet trekk dei fram bruk av tauaktivitetar, og skriv at til dømes balansetau vil stimulere til grovmotoriske aktivitetar. Dette vil også gje god trening av muskelstyrken. Elevane sin kroppsbehersking og deira motoriske ferdigheiter vil også auke når dei får vere ute, - det vil gje elevane naturleg trening i eit naturleg miljø (Hebæk, Holmen og Retterstøl, 2001)
 
Ved bruk av tauaktivitetar får borna også trena koordinatoriske eigenskapar som til dømes balanse, auge-hand, og auge-fot koordinering. I tillegg til å få trening i dette når ein balanserer på tau, vil borna også trene opp den statiske balansen når dei står i ro på tauet, og den dynamiske balansen når dei beveger seg. (Aadland og Lundhaug). God balanse kan vere skadeforebyggende og kan gjere det lettare for elevane å ferdast i skog og mark.
 
Ein annan faktor som kan forsvara at ein bruker tau i skulen, er at ein i stor grad kan følgje opp læreplanens intensjon om sporlaus ferdsel. Eit av kompetansemåla i kroppsøving etter 4.trinn seier at eleven skal ”samtale om reglar som gjeld for opphald i naturen, og kunne praktisere sporlaus ferdsel”. Å henge opp midlertidige tau krev stort sett ingen store inngrep i naturen, og etter at ein har fjerna taua kan ein nesten ikkje sjå at dei har vore der.

Dersom klassen har ein stad dei pleier å gå til når dei er ute, kan det være lurt å lage til ein samlingsplass her. (Aadland og Lundhaug, upublisert). Samlingsplassen kan bestå av ei grue, ein lavvo eller gapahuk, benkeplasser med meir. (Bagøien og Storli 2002) Dersom ein skal lage til permanente tauaktivitetar, kan det vere lurt at dette blir gjort i nærleiken av denne samlingsplassen, siden elevane kjenner området godt, og har eit forhold til det. Då kan ein også utnytte mogelegheita for å lage eit godt og sunt måltid saman, for å samle krefter til neste økt med balansering.
Vedum, Dullerud og Ødegaard (2005, referert i Aadland og Lundhaug upublisert) viser til at dersom læraren gjer elevane ansvar for å bere med seg utstyr som mat, ved og tau, og gjer dei ulike oppgåver og utfordringer, øver barna opp ei ansvarskjensle og utviklar omtanke for andre. Vi anbefalar å involvere elevene i både forarbeid, oppsett og opprydding, både når det gjeld matlaging og praktisk arbeid.
Dei naturopplevingane ein har som born, har mykje å seie for kva forhold ein får til naturen som vaksen. Dette understreker også Vingdal og Hollekim (2001) når de seier at ”Opplevelser i barndom og ungdom lager en grunnmur for resten av livet” (s. 15) Difor synes vi det er viktig å ta elevane med ut i naturen, og la dei få oppleve alt den har å by på, – frå rumpetroll og froskar, klatring og gode matopplevingar rundt bålet, til balansering på tau.


Om prosjektet
 
Denne sida inneheld tips til ulike tauaktivitetar. Me håper den kan fungere som ein idébank for lærarar og andre som jobbar med born.
Informasjon om oss
 
Me er tre studentar ved Høgskulen i Bergen, avd. lærarutdanning, som tek faget Uteskole 30 studiepoeng. Denne sida er ein del av eksamensprosjektet vårt, som me har jobba med hausten 2009.
Bilete og video
 
Alle bileta og video er teke av oss på gruppa. Illustrasjonar og teikningar er vist med kjelder.
 
Antall besøkande på denne sida er 12201 visitors
This website was created for free with Own-Free-Website.com. Would you also like to have your own website?
Sign up for free