Reverumpa
Bilete av reverumpa: (trykk på bileta for å få dei større)
(Illustrasjon: Bagøien og Storli, 2002)
Reverumpa er ei vidareutvikling av balansetauet. Her skal ein balansere på det nedste tauet, medan ein heldt i ”reverumpene” (tauendene) som heng ned frå det øvste hjelpetauet. For å auke vanskegraden kan ein henge det øvste tauet ekstra høgt oppe, med lange reverumper. Og jo færre reverumper, jo vanskeligare blir det å komme seg over.
For å lage reverumpa byrjar ein med det nedste tauet, som henges opp med eit dobbelt halvstikk og halvstikk på eige tau. Strekk så tauet til neste tre, gjer ein oppstramming og avslutt med halvstikk på eige tau. Det øvste tauet henges så høgt oppe at elevane ikkje kan nå det. På dette tauet knyt ein opp reverumpene ved hjelp av doble halvstikk. (det kan vere ein fordel å knyte fast reverumpene før tauet henges opp) Reverumpene må vere så korte at elevane må strekke seg for å nå dei. Dette er ein aktivitet som er rask å setje opp og ta ned igjen. (Bagøien & Storli, 2002)
Knutane ein nyttar seg av kan ein sjå her: http://uteskule.page.tl/Video-av-knutar.htm
|