Uteskule 2009



Vi høyrer stadig om stillesitjande og late born, som ikkje orkar, ikkje gidd og ikkje ynskjer å leike ute, men berre vil spele tv-spel og sitje inne (Breivik, 2001). Vi, som er uteskulestudentar, trur dette kan endrast på med enkle grep. Vi må rett og slett gjere det spanande og moro å vere ute! Vi må gje borna utfordringar og meistringsopplevingar! Og dette trur vi kan gjerast blant anna gjennom å bruke tau. Difor har vi laga denne heimesida med ulike tauaktivitetar, som vi håpar vil fungere som ein idébank for lærarar i skulen, men også for barnehagar, foreldre og andre som jobbar med born.
 
To av måla våre for denne idébanken finn vi i Kunnskapsløftet. I faget kroppsøving etter 4.trinn, står det at elevane skal ”bruke grunnleggjande rørsler i varierte miljø og i tilrettelagde aktivitetar”. Vidare står det også at dei skal ”være med i aktivitetar som utfordrar heile sanseapperatet og koordinasjonen”. Desse måla meiner vi kan nås blant anna ved å bruke tau i undervisninga.
 
I tillegg har vi tenkt på at tau er enkelt å setje opp, - og ta ned, borna kan vere med på heile prosessen, det er lett å bere med seg, det er eit billig ”leikeapparat”, det gjer variert aktivitet og vi trur at borna vil utvikle sine motoriske evner og få utfalde seg fysisk. Vi trur også at det vil gje borna meistringsfølelse og noko å strekkje seg etter.
 
Idébanken vår inneheldt instruksjonsvideoar av dei ulike knutane vi har brukt, bilete og forklaringar på korleis vi har laga dei ulike aktivitetane, samt video av dei fleste i bruk. Vi har gjort eit utval når det gjeld kva aktivitetar vi har laga og dokumentert. Vi har prøvd å lage aktivitetar som er enkle og raske å setje opp, der ein ikkje treng mykje utstyr eller ressursar. Sjølvsagt fins det mange fleire, og nokre av desse har vi samla i kategorien ”andre tauaktivitetar”. Men her er det berre fantasien som set grenser – det meste går an!
 
Vi håper denne sida vil inspirere lærarar og andre til å ta borna med seg ut i naturen og gje dei gode opplevingar der! Det treng ikkje vere komplisert og vanskeleg – det enkle er ofte det beste!



 
Dei som har vore med å utforma heimesida er: Hanne Dalhaug, Kjersti Hansen Oppedal og Arne Rugeldal Sandven. Kontakt oss gjerne på: arne_rs@hotmail.com
Om prosjektet
 
Denne sida inneheld tips til ulike tauaktivitetar. Me håper den kan fungere som ein idébank for lærarar og andre som jobbar med born.
Advertisement
 
Informasjon om oss
 
Me er tre studentar ved Høgskulen i Bergen, avd. lærarutdanning, som tek faget Uteskole 30 studiepoeng. Denne sida er ein del av eksamensprosjektet vårt, som me har jobba med hausten 2009.
Bilete og video
 
Alle bileta og video er teke av oss på gruppa. Illustrasjonar og teikningar er vist med kjelder.
 
Antall besøkande på denne sida er 6653 visitors
=> Do you also want a homepage for free? Then click here! <=