Tau

Tauverk

Tauverk har blitt nytta av menneska langt tilbake i oldtida, og har framleis stor nytteverdi for oss i dagens samfunn. Me brukar tau til dømes når me skal fortøya ein båt, når me skal taue inn ein bil, eller når me skal knyte skolissa vår. I dag finn ein mange typar tauverk på markedet, og alle har spesielle eigenskapar.


Tau er framstilt av tynne fibrar som er tvunne saman. Vanlegast er såkalla treslått-tau som består av tre kordellar som er høgreslått - dvs. at når du ser på tauet vil kordellane sjå ut til å stige opp mot høgre. Fibrane i tauet er tvunne saman mot høgre til garn. Garntrådane tvinnast så saman den andre vegen til venstreslåtte kordellar. Kordellane (oftast tre stk) tvinnes igjen mot høgre til treslått tau.

Hovudtypar tau

Naturtau:
Fram til 2. Verdskrig vart tauverk framstilt av naturfibrar som hamp, bomull, manilla, kokkos, og sisal. Fleire av desse typane tau finst framleis, t.d sisal som ein brukar mykje til såkalla "surretau". Andre naturtypar er t.d. hampetau. Det er lite elastisk, men har stor strekkfasthet, og er gode å bruke som balansetau eller liknande.

Naturtau er laga av ei mengde korte fibrar som er tvunne saman til garn. Tau av naturfiber vert i dag brukt særleg når større volum og høgare friksjon er naudsynt eller ønskeleg, t.d. til gymnastikk og leik med tau.

Sisal 3-slått ("Surretau")
Sisal vert laga av "Agaveplanten" som vert dyrka i tropiske område i Afrika og Brasil. Plantefibrane er nesten heilt kvite og like sterke som manila. Sisalen har derimot tynnare fibar og kan derfor brukast til tynnare tau. Sisaltau er relativt billig og vert brukt mykje til "surretau". Sisalen krympar når den vert fuktig. Så dersom ein tek vatn på surringane vert dei strame og fine.

Sisaltau:


Bomull
Bomull vert laga av frøulla frå bomullsplanten. Fibrane er korte og smidige, men ikkje så sterke og vert fort slitt. Bomull krympar når det vert vått. Fint til knutetau.



Syntetiske tau:

Syntetiske tau har, i motsetning til naturtau, fibrar som går i heile tauet si lengde. Dette gjer at tauet blir sterkare, og det er ikkje nødvendig å tvinne fibrane for å få tauet til å holde seg saman. Derfor finst det syntetiske tau som er fletta eller vevd. "Flaggline" er som regel laga av nylon som er fletta saman av fire, eller åtte kordellar av massive buntar.


Kunstfibertau:
Kunstfibertau, som  er eit syntetisk tau, finst i ei mengde typar med forskjellige eigenskapar. Felles for dei er at dei er mykje glattare enn naturtau. Syntetiske tau vil ikkje rotna, eller bli muggangripe. Dei tåler å bli påverka av olje og ei rekke kjemikaliar utan å verta vesentlig svekka. Dei bevarar bruddstyrken også når dei er våte fordi dei trekker ikkje opp vatn i særleg grad. Ein skal ein vera merksam på at kunstfibertau kan smelte av oppvarming. Faktisk kan to tau som gnis mot kvarandre smelta av friksjonsvarmen. Tau av kunstfibrar har i dag i stor grad utkonkurrert tau av naturfibrar. Kunstfiber kan oppnå tilnærma same styrke som ståltau, er lettare enn tau laga av naturfibrar. Imidlertid er deira elastisitet ofte ein ulempe for bruk. Døme på kunstfibertau er ulstron og polytau.

Ulstron:



Nye tautyper 
Det finst fleire nye tautypar med "hemmeleg" råstoff og produksjonsteknikk. Desse er endå sterkare og betre enn dagens "vanlege" tau. Foreløpig er desse svært kostbare.

Behandling og lagring av tau

Tau bør lagrast mørkt, luftig og kjøleg. Særleg gjeld dette for naturtau. Er tauet skittent, eller har vore i saltvatn bør ein vaske det i mildt såpevatn. Det hjelper også godt berre å skylle det i reint vatn. Skit og sandkorn i tauet vil auke slitasjen. Tunge taukveiler bør lagrast liggande. Knutar bør løysast opp, og tauendene takles, tapes, eller smeltes/svis av viss det er syntetisk tau.

Husk at bruddstyrken er oppgitt for heilt nytt tau. Slitasje, skade, alder, knutar og liknande vil redusere tauet si bruddstyrke vesentleg.

 

Her ser du eit kunstfibertau av typen polyester 16slått-tau
Om prosjektet
 
Denne sida inneheld tips til ulike tauaktivitetar. Me håper den kan fungere som ein idébank for lærarar og andre som jobbar med born.
Informasjon om oss
 
Me er tre studentar ved Høgskulen i Bergen, avd. lærarutdanning, som tek faget Uteskole 30 studiepoeng. Denne sida er ein del av eksamensprosjektet vårt, som me har jobba med hausten 2009.
Bilete og video
 
Alle bileta og video er teke av oss på gruppa. Illustrasjonar og teikningar er vist med kjelder.
 
Antall besøkande på denne sida er 12186 visitors
This website was created for free with Own-Free-Website.com. Would you also like to have your own website?
Sign up for free