Tauaktivitetar

Generelt om tauaktivitetar

Før ein byrjar å henge opp tau til ulike tauaktivitetar, er det fleire ting som er viktig å ta omsyn til. Sikkerheit er noko av det første ein må tenkje på. Er området eigna til å bruke til tauaktivitetar? Er underlaget trygt og mjukt? Må ein eventuelt fjerne skarpe steinar og stubbar? Dersom ein må gjere større inngrep i naturen for å klargjere området, er det viktig å snakke med grunneigaren først, og få løyve til å rydde skog eller liknande.
 
Ein må også ta omsyn til trea. Er dei eigna til å henge opp tau i? Dei bør helst ikkje vere alt for kraftige, og ikkje ha for mange greiner. Dersom ein set opp tau som er meint skal henge der permanent bør ein beskytte treet der tauet går rundt stammen. Dette for at ikkje tauet skal øydeleggje barken og treet. Som beskyttelse kan ein bruke strie, skinn, ulltøy eller liknande.

Vedlikehald av taua er også viktig å ha i tankane, som til dømes oppstramming av knutar. Dersom ein brukar syntetiske tau, er det viktig å svi det i endane. Dette for å forhindre at tauet flisar seg.
 
Ein må sjølvsagt også ta omsyn til kven som skal bruke tauaktivitetane. Skal ein til dømes ha ulik vanskegrad på aktivitetane? Vi kjem med forslag til korleis ein kan tilpasse tauaktivitetane til ulike aldersgrupper, men det er viktig å huske at det kan vere store individuelle forskjellar blant born på same alder. Tauaktivitetane slik vi har laga dei, og slik du kan sjå dei på bileta, er tilpassa dei lavaste trinna på barneskulen.

Me anbefalar å kjøpe tau på ca 15, med ein diameter på 12-16mm. 
 
I tillegg er det viktig å tenkje sikkerheit i forhold til førstehjelp – ha alltid førstehjelpsutstyr med på tur!




Det er utallege tauaktivitetar ein kan laga til, og det er berre fantasien som set grenser.
Om prosjektet
 
Denne sida inneheld tips til ulike tauaktivitetar. Me håper den kan fungere som ein idébank for lærarar og andre som jobbar med born.
Informasjon om oss
 
Me er tre studentar ved Høgskulen i Bergen, avd. lærarutdanning, som tek faget Uteskole 30 studiepoeng. Denne sida er ein del av eksamensprosjektet vårt, som me har jobba med hausten 2009.
Bilete og video
 
Alle bileta og video er teke av oss på gruppa. Illustrasjonar og teikningar er vist med kjelder.
 
Antall besøkande på denne sida er 12189 visitors
This website was created for free with Own-Free-Website.com. Would you also like to have your own website?
Sign up for free