Vennskapsstokk

Vennskapsstokk

Bilete av vennskapsstokk: (trykk på bileta for å få dei større)

 

(Illustrasjon: Bagøien og Storli, 2002)


Dette er ei huske som fleire kan bruke samstundes. Denne passar for alle aldersgrupper, fordi den lett kan tilpassast ulike ønske om aktivitet. Den kan til dømes brukast til å sitje, stå eller balansere på, og borna kan bestemme farten sjølv.

 

Huska er festa i ein kraftig tverrstokk mellom to tre (eventuelt i ei kraftig grein). Tverrstokken festes til trea med vinkelsurring. I sjølve vennskapsstokken fester ein taua med doble halvstikk og halvstikk på eige tau. Det same gjer ein for å feste den fast i tverrstokken den skal henge i. Dette er ein aktivitet som tar litt tid å lage, og det er viktig å tenkje på vedlikehaldet sidan den skal henge ei stund. Det kan til dømes vere lurt å barke stokken, så treet ikkje rotnar. I tillegg kan det vere ein fordel å lage spor i stokken der taua skal knytast, slik at ikkje knutane glir bort frå der dei skal vere. (Bagøien & Storli, 2002)

Knutane ein nyttar seg av kan ein sjå her: http://uteskule.page.tl/Video-av-knutar.htm 
 

Om prosjektet
 
Denne sida inneheld tips til ulike tauaktivitetar. Me håper den kan fungere som ein idébank for lærarar og andre som jobbar med born.
Informasjon om oss
 
Me er tre studentar ved Høgskulen i Bergen, avd. lærarutdanning, som tek faget Uteskole 30 studiepoeng. Denne sida er ein del av eksamensprosjektet vårt, som me har jobba med hausten 2009.
Bilete og video
 
Alle bileta og video er teke av oss på gruppa. Illustrasjonar og teikningar er vist med kjelder.
 
Antall besøkande på denne sida er 12137 visitors
This website was created for free with Own-Free-Website.com. Would you also like to have your own website?
Sign up for free