Fleire tauaktivitetar

Fleire tauaktivitetar


For meir informasjon om desse aktivitetane, sjå i boka Lag en naturlekeplass av Bagøien og Storli (2002)
 

Slengdisse (greinhuske)

Dissa festes i ei kraftig grein med dobbel halvstikk og halvstikk på eget tau. (Enkel)


(Bagøien og Storli 2002)


Tornekrattet
Poenget med denne aktiviteten er at borna skal bevege seg rundt, over, inni og under tauet. For å lage dette treng du eit tynt tau, f.eks sisal, som er nedbrytbart i naturen. Denne aktiviteten minner om Edderkoppnettet. (Enkel)(Bagøien og Storli 2002)


Humpedisse

For å lage denne humpedissa må du ha ein lang stokk og ein bukk. Knutane du vil ha bruk for her er vinkelsurring. (Tidkrevende)

(Bagøien og Storli 2002)


Gjøkuret

Dette er ei stor huske som fleire born kan bruke samstundes. For å lage denne må du bruke vinkelsurring. (Tidkrevande)

 (Bagøien og Storli 2002)


Kasserollekarusellen

Her må du feste to tverrstokkar høgt oppe i trea. Desse festes med vinkelsurring. Her treng du sag, reiskapar til graving og ein kasserolle. (Ganske tidkrevande)
 

(Bagøien og Storli 2002)


Langpendelen

For å lage denne huska må du byrje med å feste ein tverrstokk mellom to tre. Denne festes med vinkelsurring. Det kan vere ein fordel å feste setet før ein fester tauet fast i tverrstokken. Setet festes med doble halvstikk. (Forholdsvis rask)


(Bagøien og Storli 2002)


Taubru

På ei taubru kan borna balansera på eit tau, samstundes som dei har støttetauene å halde seg i. Taua festes med dobbel halvstikk og halvstikk på eige tau. (Forholdsvis enkel)


(Bagøien og Storli 2002)

 

-------------------------------------------------------------------------------
Tauslenge

I ei tauslenge kan borna til dømes klatre, disse og slenge seg. Du bruker dobbel halvstikk og halvstikk på eige tau for å henge den opp, og lagar ein stor og kraftig knute til å stå på.
Meir informasjon om denne aktiviteten finn du i boka Barn i naturen av Vingdal og Hollekim (2001)


 (Vingdal og Hollekim, 2001)
 

Balansestokk

Til denne balanseaktiviteten bruker du dobbel halvstikk og halvstikk på eige tau.
Meir informasjon om denne aktiviteten finn du i boka Barn i naturen av Vingdal og Hollekim (2001)



 (Vingdal og Hollekim, 2001)


 
Knutane ein nyttar seg av kan ein sjå her: http://uteskule.page.tl/Video-av-knutar.htm
Om prosjektet
 
Denne sida inneheld tips til ulike tauaktivitetar. Me håper den kan fungere som ein idébank for lærarar og andre som jobbar med born.
Informasjon om oss
 
Me er tre studentar ved Høgskulen i Bergen, avd. lærarutdanning, som tek faget Uteskole 30 studiepoeng. Denne sida er ein del av eksamensprosjektet vårt, som me har jobba med hausten 2009.
Bilete og video
 
Alle bileta og video er teke av oss på gruppa. Illustrasjonar og teikningar er vist med kjelder.
 
Antall besøkande på denne sida er 12139 visitors
This website was created for free with Own-Free-Website.com. Would you also like to have your own website?
Sign up for free