Balansetau (dobbel travers)

Balansetau (dobbel travers)

Bilete av balansetau: (trykk på bileta for å få dei større)



 
 
(Illustrasjon: Bagøien og Storli, 2002)

Eit balansetau består av to tau i ulike høgder. Poenget er å stå på det nedste tauet, og balansera på det, ved hjelp av det øvste tauet som støtte. Denne aktiviteten kan lett tilpassast ulike aldersgrupper. Stramt tau og liten avstand mellom trea kan til dømes passe godt for dei yngre og usikre borna. For eldre born kan det vere meir utfordrande dersom tauet er lausare og det er lengre avstand mellom trea.

 

For å setje opp dette balansetauet byrjar ein med det nedste tauet og lagar eit dobbelt halvstikk rundt eit tre, etterfølgt av halvstikk på eige tau. Strekk så tauet til neste tre, og gjer ein oppstramming. Avslutt deretter med halvstikk på eige tau. Det øvste tauet, som er eit hjelpetau, kan festast med båtmannsknop, eller ved hjelp av doble halvstikk. Dette er ein aktivitet som er rask å setje opp og ta ned igjen. (Vingdal og Hollekim, 2001)


Knutane ein nyttar seg av kan ein sjå her: http://uteskule.page.tl/Video-av-knutar.htm



 

Om prosjektet
 
Denne sida inneheld tips til ulike tauaktivitetar. Me håper den kan fungere som ein idébank for lærarar og andre som jobbar med born.
Informasjon om oss
 
Me er tre studentar ved Høgskulen i Bergen, avd. lærarutdanning, som tek faget Uteskole 30 studiepoeng. Denne sida er ein del av eksamensprosjektet vårt, som me har jobba med hausten 2009.
Bilete og video
 
Alle bileta og video er teke av oss på gruppa. Illustrasjonar og teikningar er vist med kjelder.
 
Antall besøkande på denne sida er 12191 visitors
This website was created for free with Own-Free-Website.com. Would you also like to have your own website?
Sign up for free