Edderkoppnett

Edderkoppnett

 Bilete av edderkoppnett: (trykk på bileta for å få dei større)




(Illustrasjon: Bagøien og Storli, 2002)


Dette er ein fin gruppeleik, der målet er å flytta ei gruppe personar frå ei side av nettet til den andre sida, utan at trådane vert berørte. Gruppa sine medlemmar må samarbeide om ein taktikk for å lukkast. Når den eine personen har passert eit av hola i nettet, er dette holet ”stengt” for dei andre, slik at dei må finne seg nye hol å kome seg gjennom. Dette er ein leik som passar best for mellomtrinnet og oppover, sidan ein må rekne med å løfte andre elevar over og gjennom nettet, og slike tunge tak kan vere vanskelig for dei yngste.

 

Når ein skal spenne opp eit edderkoppnett, bør ein finne to tre, som står 2-3 meter i frå kvarandre. Ein spenner så opp eit tynt tau, ca 30-50cm over bakken, og eit anna rundt 2 meter over bakken. Så lagar ein eit edderkoppnett ved hjelp av sisaltau, eller eit anna tynt tau, - ved å feste taua på kryss og tvers ved hjelp av båtmannsknop. Det kan vere ein fordel å  ha om lag 5-10 hol å velje mellom. (Bagøien & Storli, 2002)

Knutane ein nyttar seg av kan ein sjå her: http://uteskule.page.tl/Video-av-knutar.htm
Om prosjektet
 
Denne sida inneheld tips til ulike tauaktivitetar. Me håper den kan fungere som ein idébank for lærarar og andre som jobbar med born.
Informasjon om oss
 
Me er tre studentar ved Høgskulen i Bergen, avd. lærarutdanning, som tek faget Uteskole 30 studiepoeng. Denne sida er ein del av eksamensprosjektet vårt, som me har jobba med hausten 2009.
Bilete og video
 
Alle bileta og video er teke av oss på gruppa. Illustrasjonar og teikningar er vist med kjelder.
 
Antall besøkande på denne sida er 12183 visitors
This website was created for free with Own-Free-Website.com. Would you also like to have your own website?
Sign up for free