Apeline (enkel travers)

Apeline (enkel travers)

 Bilete av Apelina: (trykk på bileta for å få dei større)




Denne tauaktiviteten kan borna bruke til mykje. Blant anna kan dei henge opp-ned, dra seg bortover og snurre rundt. Her er det borna sin fantasi som set grenser, noko som gjer det enkelt å tilpasse aktiviteten. Tauet bør ikkje henge for høgt over bakken i tilfelle fall, og elevane bør også kunne komme seg oppå tauet med eigen hjelp.

 

Apelina kan ein enkelt lage ved å feste eit tau mellom to tre. Ein bruker doble halvstikk, og halvstikk på eige tau til å feste endene av tauet. Dette er ein aktivitet som er rask å setje opp og ta ned igjen.

Knutane ein nyttar seg av kan ein sjå her: http://uteskule.page.tl/Video-av-knutar.htm
 
Om prosjektet
 
Denne sida inneheld tips til ulike tauaktivitetar. Me håper den kan fungere som ein idébank for lærarar og andre som jobbar med born.
Informasjon om oss
 
Me er tre studentar ved Høgskulen i Bergen, avd. lærarutdanning, som tek faget Uteskole 30 studiepoeng. Denne sida er ein del av eksamensprosjektet vårt, som me har jobba med hausten 2009.
Bilete og video
 
Alle bileta og video er teke av oss på gruppa. Illustrasjonar og teikningar er vist med kjelder.
 
Antall besøkande på denne sida er 12179 visitors
This website was created for free with Own-Free-Website.com. Would you also like to have your own website?
Sign up for free