Krysstau

Krysstau

Bilete av krysstau: (trykk på bileta for å få dei større)




(Illustrasjon: Bagøien og Storli, 2002)


Dette er ein utfordring sjølv for dei erfarne! Her skal ein byrje med å balansere på det eine tauet opp mot midten, og så gå over på det andre tauet og mot mål. Her må ein bruke både koordinasjon og taktikk! Når borna har klart denne utfordringa åleine, kan dei prøve å gå to saman, ein frå kvar side, – og krysse kvarandre på midten! For å justere vanskegraden kan ein stramme taua. Då vil det vere lettare å balansere.

 

Ein lagar eit krysstau ved å feste to tau diagonalt mellom to tre. Det er viktig at dei er i same høgde i forhold til kvarandre. Taua festes med doble halvstikk og halvstikk på eige tau. Dersom ein ønskjer stramme tau kan det vere lurt å avslutte med oppstramming. Dette er ein aktivitet som er rask å setje opp og ta ned igjen. (Bagøien & Storli, 2002)

 Knutane ein nyttar seg av kan ein sjå her: http://uteskule.page.tl/Video-av-knutar.htm


Om prosjektet
 
Denne sida inneheld tips til ulike tauaktivitetar. Me håper den kan fungere som ein idébank for lærarar og andre som jobbar med born.
Informasjon om oss
 
Me er tre studentar ved Høgskulen i Bergen, avd. lærarutdanning, som tek faget Uteskole 30 studiepoeng. Denne sida er ein del av eksamensprosjektet vårt, som me har jobba med hausten 2009.
Bilete og video
 
Alle bileta og video er teke av oss på gruppa. Illustrasjonar og teikningar er vist med kjelder.
 
Antall besøkande på denne sida er 12177 visitors
This website was created for free with Own-Free-Website.com. Would you also like to have your own website?
Sign up for free