Rockestokk

Rockestokk

Bilete av Rockestokk: (trykk på bileta for å få dei større)
 
 
 
 

 
 

(Illustrasjon: Bagøien og Storli, 2002)
 


Dette er ein balansestokk som heng over bakken. Dette kan vere ein utfordring for mange, sidan den er festa med tau til trea, og difor svært ustødig. Her kan ein fint justere vanskegraden ved å henge eit tau i skulderhøgde, som kan brukast som støtte. Vanskegraden avheng også av lengda på tauet mellom stokken og treet, og avstanden mellom stokken og treet. Er avstanden liten og tauet kort, blir stokken stødig og det blir lettare å balansere. Slik kan denne aktiviteten også tilpassast dei ulike aldersgruppene.

 

Når ein skal lage ein rockestokk, er det viktig å bruke ein lang, solid stokk, som ein legg langs bakken mellom to tre. Ein fester tau i begge endene av stokken ved hjelp av doble halvstikk. Dette bruker ein også for å feste stokken fast til trea. Ein avsluttar med halvstikk på eige tau. Det bør ikkje vere for lang avstand mellom trea ein brukar, og stokken bør heller ikkje henge for høgt oppe frå bakken. Dette er ein aktivitet som tar litt tid å lage, og det er viktig å tenkje på vedlikehaldet sidan den skal henge ei stund. Det kan til dømes vere lurt å barke stokken, så treet ikkje rotnar. I tillegg kan det vere ein fordel å lage spor i stokken der taua skal knytast, slik at ikkje knutane glir bort frå der dei skal vere. (Bagøien & Storli, 2002)

Knutane ein nyttar seg av kan ein sjå her: http://uteskule.page.tl/Video-av-knutar.htm



Om prosjektet
 
Denne sida inneheld tips til ulike tauaktivitetar. Me håper den kan fungere som ein idébank for lærarar og andre som jobbar med born.
Informasjon om oss
 
Me er tre studentar ved Høgskulen i Bergen, avd. lærarutdanning, som tek faget Uteskole 30 studiepoeng. Denne sida er ein del av eksamensprosjektet vårt, som me har jobba med hausten 2009.
Bilete og video
 
Alle bileta og video er teke av oss på gruppa. Illustrasjonar og teikningar er vist med kjelder.
 
Antall besøkande på denne sida er 12139 visitors
This website was created for free with Own-Free-Website.com. Would you also like to have your own website?
Sign up for free