Tau i trekant

Tau i trekant

Bilete av tau i trekant: (trykk på bileta for å få dei større)



Dette er eit utfordrande balansetau, der hjelpetauet heng i midten av trekanten. Det gjer at auge-hand og auge-fot koordineringa til borna blir utfordra. Denne aktiviteten må ein tilpasse til den aldersgruppa som skal nytte seg av tauet. Jo eldre borna er, jo større kan trekanten vere, og hjelpetauet kan vere forholdsvis stramt, slik at dei må strekkje seg meir. Ein kan også bruke fleire hjelpetau for å gjere det lettare å balansere.

Når ein lagar til tau i trekant, må ein ha 3 solide tre som dannar ein trekant. Det første ein gjer er å spenne opp eit tau ved hjelp av dobbelt halvstikk og halvstikk på eige tau på eit av trea. Så strekk ein det vidare til dei to andre trea, der ein brukar oppstramming. Til sist strammar ein tauet godt på det treet ein starta med, og avsluttar med halvstikk på eige tau. Ein har då danna ein trekant med tauet. Etter å ha laga til denne trekanten fester ein eit hjelpetau i skulderhøgde frå eit av trea og bort til eit anna tre, slik at ein deler trekanten i to. (sjå bilete). Dette tauet fester ein med dobbelt halvstikk i begge endane. Det er viktig at det er litt laust, slik at ein kan føre det med seg når ein går rundt i trekanten. 

Knutane ein nyttar seg av kan ein sjå her: http://uteskule.page.tl/Video-av-knutar.htm 

 

Om prosjektet
 
Denne sida inneheld tips til ulike tauaktivitetar. Me håper den kan fungere som ein idébank for lærarar og andre som jobbar med born.
Informasjon om oss
 
Me er tre studentar ved Høgskulen i Bergen, avd. lærarutdanning, som tek faget Uteskole 30 studiepoeng. Denne sida er ein del av eksamensprosjektet vårt, som me har jobba med hausten 2009.
Bilete og video
 
Alle bileta og video er teke av oss på gruppa. Illustrasjonar og teikningar er vist med kjelder.
 
Antall besøkande på denne sida er 12197 visitors
This website was created for free with Own-Free-Website.com. Would you also like to have your own website?
Sign up for free