Taustige

Taustige

Bilete av taustige : (Trykk på bileta for å få dei større)



 
(Illustrasjon: Bagøien og Storli, 2002)

 

Ein taustige kan brukast til å klatre i, enten det er opp på ei grein, opp til ei trehytte eller opp til ein annan tauaktivitet. Den kan nyttast på alle alderstrinn, men det er viktig å tenkje på eit trygt underlag og at stigetrinna er tilpassa for aldersgruppa, jo lengre avstand mellom trinna, jo vanskelegare.

 

Det første ein gjer når ein skal lage til ein taustige er å finne passande pinnar til stigen. Desse pinnane bør vera omtrent like lange, og ha ein diameter på 5-6 cm. Når ein lagar til ein taustige er det viktig å ha to gode tau med same diameter, på 12-18mm. Pinnane som ein har saga til, fester ein på dei to taua med doble halvstikk på kvar ende. Det er lurt å feste ein og ein pinne slik at avstanden vert like lang og trinna vert beine. Når stigen er ferdig, fester ein den i ein kraftig tverrstokk eller i ei kraftig grein. Ein festar stigen med å nytte seg av doble halvstikk, og halvstikk rundt eige tau. Det kan vere ein fordel å lage spor ytterst på trinna, slik at tauet heldt seg på plass. (Bagøien & Storli, 2002; Hebæk, Holmen og Retterstøl, 2001 )


Knutane ein nyttar seg av kan ein sjå her: 
http://uteskule.page.tl/Video-av-knutar.htm

Om prosjektet
 
Denne sida inneheld tips til ulike tauaktivitetar. Me håper den kan fungere som ein idébank for lærarar og andre som jobbar med born.
Informasjon om oss
 
Me er tre studentar ved Høgskulen i Bergen, avd. lærarutdanning, som tek faget Uteskole 30 studiepoeng. Denne sida er ein del av eksamensprosjektet vårt, som me har jobba med hausten 2009.
Bilete og video
 
Alle bileta og video er teke av oss på gruppa. Illustrasjonar og teikningar er vist med kjelder.
 
Antall besøkande på denne sida er 12191 visitors
This website was created for free with Own-Free-Website.com. Would you also like to have your own website?
Sign up for free