To parallelle liner

Balansetau med to parallelle liner

Bilete av 2 parallelle liner: (trykk på bileta for å få dei større)




Her kan borna balansere på to tau som heng parallelt, utan å holde seg fast. For mange vil kanskje dette by på utfordringar. For å gjere dette lettare, kan ein henge opp eit eller to parallelle hjelpetau.

 

Her kan det vere ein fordel å bruke to tjukke tre som står ganske nær kvarandre. Til denne aktiviteten trengs det to tau. Det første tauet festes i det eine treet med eit dobbelt halvstikk, etterfulgt av eit halvstikk på eige tau. Deretter festes enden i det andre treet ved å bruke oppstramming fleire gonger, fest så dette med halvstikk på eige tau. Pass på at knutane er på same sida av trea. Ein gjentek det same med det andre tauet, begynn då på det siste treet. Her må det strammes godt for at linene skal holde seg parallelle. Dette er ein aktivitet som er forholdsvis rask å setje opp og ta ned igjen.

Knutane ein nyttar seg av kan ein sjå her: http://uteskule.page.tl/Video-av-knutar.htm

 

Om prosjektet
 
Denne sida inneheld tips til ulike tauaktivitetar. Me håper den kan fungere som ein idébank for lærarar og andre som jobbar med born.
Informasjon om oss
 
Me er tre studentar ved Høgskulen i Bergen, avd. lærarutdanning, som tek faget Uteskole 30 studiepoeng. Denne sida er ein del av eksamensprosjektet vårt, som me har jobba med hausten 2009.
Bilete og video
 
Alle bileta og video er teke av oss på gruppa. Illustrasjonar og teikningar er vist med kjelder.
 
Antall besøkande på denne sida er 12179 visitors
This website was created for free with Own-Free-Website.com. Would you also like to have your own website?
Sign up for free