Taubane

Taubane

Bilete av taubane: (trykk på bileta for å få dei større)






 

 (Illustrasjon: Bagøien og Storli, 2002)

Taubana er ein aktivitet som er fartsfull og spanande. Dette er ein aktivitet som passar til alle trinn, men høgda og lengda på taubana bør vere lenger dess høgare alderstrinn, slik at det vert ei utfordring. Det ein må tenkje på når ein set opp ei taubane er at ein har eit område det er passe helling på, og at det er fritt for tre/greiner der taubana skal gå.

Når ein har funne eit eigna tre, begynner ein med starten på taubana. Her fester ein fast tauet eit godt stykke oppe i treet. Ein kan feste det ved hjelp av halvstikk på treet og halvstikk på eige tau for å vere heilt sikker. For å strame det skikkeleg opp kan ein feste eit tau nedst på det øvste treet og så slå det over taubana og ned igjen til straming på treet, eller ein kan nytta seg av ein lastestropp som ein så kan strame opp. I slutten av taubana festar ein fast ein kraftig tverrstokk mellom to tre. Denne fester ein ved hjelp av vinkelsurring med tau på ca 8mm. Etter å ha festa vinkelsurringa skikkeleg, fester ein tauet til taubana på denne tverrstokken. Det er fleire moglegheiter for å feste tauet. Ein kan nytta seg av eit dobbelt halvstikk direkte på tverrstokken, eller ein kan feste det med ei reim og karabinkrok som vist på bilete nr 2. Når ein har gjort dette er det lurt å strame opp heilt til slutt, for å få det stramt nok til bruk.

Handtaket ein brukar på taubana kan vera ei trekløft som vert hengt opp over tauet, eller ein kan nytte seg av ei talje med karabinkrok og tau til å halde seg i. For å frakte handtaket opp til nestemann, er det viktig å feste eit lite tau i handtaket, slik at ein dra det opp til startpunktet.

Knutane ein nyttar seg av kan ein sjå her: http://uteskule.page.tl/Video-av-knutar.htm
 


Om prosjektet
 
Denne sida inneheld tips til ulike tauaktivitetar. Me håper den kan fungere som ein idébank for lærarar og andre som jobbar med born.
Informasjon om oss
 
Me er tre studentar ved Høgskulen i Bergen, avd. lærarutdanning, som tek faget Uteskole 30 studiepoeng. Denne sida er ein del av eksamensprosjektet vårt, som me har jobba med hausten 2009.
Bilete og video
 
Alle bileta og video er teke av oss på gruppa. Illustrasjonar og teikningar er vist med kjelder.
 
Antall besøkande på denne sida er 12194 visitors
This website was created for free with Own-Free-Website.com. Would you also like to have your own website?
Sign up for free