Bilete av fleire nyttige knutar

Bilete av fleire nyttige knutar:


Tømmerstikk:
 

Tømmerstikk er ein knute som er lett og rask å lage. Denne knuten fungerer godt så lenge tauet er stramt. Tømmerstikk vert ofte nytta viss ein skal dra stokkar etter seg, eller som ein start på ei surring.

 

 

 
Pålestikk:

Denne knuten lagar ein for å få ei sklisikker løkke på tauet. Knuten vert brukt til å feste båten til land, då løkka ikkje stramar seg vil det vere forholdsvis enkelt å løsne den. Sjå på bileta for framgangsmåten.

 
 
 
 


Fiskerknop:

Denne knuten er utruleg sterk når ein skal skjøyte saman liner eller anna tynt materiale. Binder du saman to relativt tjukke tauverk kan det vere smart å gjere den dobbel, dette vert gjort ved å slå to gongar rundt tauet på begge sider av "midten" av knuten. Knuten du då endar opp med er ein forholdsvis liten og veldig slitesterk knute.

 
 

 


Vinkelsurring:

  Denne surringa vert nytta til å surre to stokkar vinkelrett mot kvarandre. Det første ein gjer er å laga til eit halvstikk rundt den stokken som står loddrett. Så fører ein tauet tre - fire omgangar rundt kvar stokk, deretter to - tre omgangar mellom stokkane. Det siste ein gjer er å feste tauet med eit halvstikk på stokken som går på tvers. Sjå teikninga og bileta for framgangsmåte. (illustrasjonen er henta frå: http://www.kfuk-kfum-speiderne.no/filestore/vinkelsurring.jpg)
   


Kryssurring:

Denne surringa brukar ein for å surra to stokkar som ikkje dannar rett vinkel med kvarandre. Det første ein gjer er å lage til eit tømmerstikk som held stokkane saman. Etterpå stramar du tauet minst tre gonger rundt kvar veg, så føre ein tauet nokre gonger mellom stokkane for å stramme til. Det siste ein gjer er å feste tauet med halvstikk. Sjå teikninga og bileta for framgangsmåte. (illustrasjonen er henta frå: http://www.kfuk-kfum-speiderne.no/filestore/kryssurring.jpg)

   

Om prosjektet
 
Denne sida inneheld tips til ulike tauaktivitetar. Me håper den kan fungere som ein idébank for lærarar og andre som jobbar med born.
Informasjon om oss
 
Me er tre studentar ved Høgskulen i Bergen, avd. lærarutdanning, som tek faget Uteskole 30 studiepoeng. Denne sida er ein del av eksamensprosjektet vårt, som me har jobba med hausten 2009.
Bilete og video
 
Alle bileta og video er teke av oss på gruppa. Illustrasjonar og teikningar er vist med kjelder.
 
Antall besøkande på denne sida er 12195 visitors
This website was created for free with Own-Free-Website.com. Would you also like to have your own website?
Sign up for free